Grindheim kyrkje


  • Tegning: Elisabeth Seland

    Grindheim kirke er en korskirke fra 1783 på Byremo i Audnedal kommune, Vest-Agder fylke. Byggverket er i tre og har 250 plasser.

Tekst: Utdrag frå Grindheim kyrkjes 200-årsjubileumsbok, utgjeven i 1983
Foto: Elisabeth Seland

Den gamle kyrkja

Grindheim kirke uteDet er ikkje mykje ein veit om den gamle kyrkja, men at den var mindre går fram av søknaden om ny kyrkje. Dei ville byggja ei ny og større kyrkje.

Ser ein på den taksta det var sett opp då kyrkjene skulle seljast i 1723, skjønar ein at den var i betre stand enn dei andre kyrkjene i prestegjeldet.

For Grindheim kyrkje var den pengesummen som kyrkjeeigaren skulle årleg betala til reparasjon det minste, med 3 spesidaler. For Bjelland var det 6 spesidaler, Åseral 7 spesidaler og Finsland 8 spesidaler.

Planar om ny kyrkje

Grindheim kirke inneGamlekyrkja kan nok ha vore dårleg i lengre tid. Det var ei umogeleg ordning at private skulle eigje kyrkja, og bygdefolket skulle kosta det meste av vedlikehaldet.

Det var prosten som årleg skulle vitja alle kyrkjene i prostiet, og gje melding til bispen om det var noko å merka, for å kunna få ordna det som var gale. Han må ha meldt frå om i si reis til vår bygd i 1780, etter som brevet frå bispekontoret er datert 30. januar 1781: "Melding fra Lister Provsti for sistledende om Kirkens tilstand meldes at Bielland, Grinnem og Aaseral skal være meget brøsferdig," og det står vidare: "At det skal tilskrives eierne om at sette dem i lovlig og forsvarlig stand".

Dette brevskap blei sendt til Hr. Søren Schive "for at han kan utvirke det fornødne". Underskrive H. Hagerup (sign.) og E. Hagerup (sign.).

Frå bispekontoret er det same dato 30. januar 1781 sendt brev til prost Hr. Søren Bugge: "Udi den fra Provst Skabet i Lister provsti sistleden Aar, og de indkomne erklæringer om Kirkenes tilstande meldes om Bjelland, Grinnem og Aaseral Kirke, at samme skal være meget brøst feldig, thi vil det behage deres velærverdige paa embedes vegne at under søge denne sag, og tilholde den uop holdelige at sætte og holde bemelte Kirker i lovmedholdig stand. Når saadan er etterkommet, skal vi bede os derom underrettet."

Desse breva har nok sett fart i tanken om å byggja ny kyrkje. Det har nok og gjort kyrkjeeigarene meir villige til å selja den gamle kyrkja til bygda og kyrkjelyden.

Av eit brev frå bispekontoret datert i mai 1781, til prost Bugge, sender dei attende søknaden til Kanseliet og Kongen, om lov til å bygga ny kyrkje, der dei opplyser at ein slik søknad må innehalda opplysningar blant anna: "om hvor mange gårder og plasser der hører med til den nye Kirkes område".

Det må ha gått fort at stiftsdireksjonen gav eit førehands løyve til å byggja ny kyrkje. Eit brev til prosten, datert 7. juli 1781 viser det:

"Til Provsten Hr. S. Bugge.

Stiftamtmannen og Biskop har intet mot, at Grinnems almue, som nu eier Kirken, vil bygge en ny og større Kirke i Stædet for den gamle. Altsaa vil de, Saadan udi en Memorial ydmygs begjære, og derpaa saadan Resoliation: At samtlige udi byggingen maa være ansvarlig for at Kirken efter den opgivne plan, og til den oppgivne tid blir ferdig."

Førebuinga til kyrkjebygget

Det må undra ein at folket i Grindheim så fort sette i gang med planar om bygging av ny kyrkje. Av dei to andre bygder, Bjelland og Åseral, som var nemnde i same brevet, "at alle tre kirkene var meget brøstfeldige", bygde Bjelland først i 1793, og Åseral ikke før 1822.

Det var mange ting som måtte ordnast for å få gjennomført eit så stort tiltak som bygging av ei kyrkje. Kyrkjelyden har nok valt nokre av sine beste menn til å førebu arbeidet.

Er det no nokon som har høyrt noko om bygging av kyrkja 1783?

Torjus B. Hårtveit, f. 1889, som var kjend for sitt gode minne om gamle ting, hadde ikkje hørt noko om kyrkjebygginga.

Men lærar Torjus E. Refsnes, f. 1903, hadde høyrt fortalt at ein av hans forferdrar, Torgie Olsen, f. 1751, hadde sagt at han ville gje ein stor sum ekstra, om dei ville byggja kirka på Neset på Byremo.

Fleire andre hadde høyrt at det var planar om å byggja den på Neset, dei hadde endå køyrt til noko material, og lagt ned der
. Så ei nott blei materialene flytte til Grindheim. (Ei typisk vandresegn).

Det er grunn til å tru at det var ikkje nokon som for alvor trudde at det ville bli godteken nokon annan stad å byggja kyrkja enn på Grindheim.

Tømmer og materiale til kyrkja

Det skal store mengder tømmer og materiale til ei kyrkje. Men på den tid kunne dei nok få tømmeret svært billig. Har for mange år siden høyrt ein eldre mann fortalt etter sin bestefar, som hadde høyrt av sin bestefar, at ein mann frå Grindheim måtte frå gården av økonomiske grunnar. Hadde han klart det eit par år til, ville han ha fått selt last. Og der var stor skog på Grindheim då, mastetre.

Den einaste tradisjon om tømmeret til kyrkja ein har høyrt, var det Aanen Grindheim kunne fortelja etter far sin Ola Aanonson, f. 1866. "Spira til tårnet fann dei i skogen opp i Skårgarden. Dei måtte lysa til dugnad etter kyrkjetid, alle menn måtte med for å få den ned til kyrkjestaden".

Kontantpengar og gratis dagsverk

Til kyrkjebygg må det flinke tømmermenn, og dei blei alltid på eit kyrkjebygg betalt godt.

I slike høve må det difor liknast ut mange spesidaler for kvar skyldmark kvar gardbrukar hadde. Det er såleis, ved andre kyrkjebygg, likna ut opp til 15 spesidaler per skyldmark. Så måtte kvar gardbrukar yta eit visst tal dagar som dugnadsarbeider.

Arnt Listad, f. 1743

27092009834Det er nemnt i Vigmostadboka at då den gamle kyrkja i Vigmostad blei bygd i 1781, var Arnt Listad med som byggmeister. Han var byggmeister i 1783 for Grindheim krykje, og så i 1802 for Konsmo kyrkje.

Frå Riksarkivet, Oslo har ein fått opplyst etter ei oppgåve dei hadde der om kyrkjene i Bjelland prestegjeld frå 1819.

Sokneprest Fleischer har gjeve opplysningar om Grindheim kyrkje: "Grinnem kirke er bygget 1783. Hvilke kirke siges at være bygget ved hjelp af en i Walle prestegjeld værende Bygmester, Arnt Listad, og Sognets egne Tømmermænd, og er en korskirke".

I Konsmoboka er han nemnd som Are Bjørnson Listad. Etter det Harald Listad kunne fortelja, var det endå tradisjon om kor flink Are Bjørnson Listad var som tømmermann. Han bruka aldri snor for å kanthogga tømmerstokkane, som alle andre gjorde, men hogde dei heilt beint og rett.

I Konsmo stod han for bygging av Konsmo kyrkje i 1802.

Det er av interesse å høyre at trass i at det i Grindheim på den tid var så flinke tømmermenn, fekk dei ein frå andre bygder.

Så var nok alt førebuinga ferdig til kyrkjebygginga våren 1783, og nå kom frå Kanseliet i København endeleg løyve til å byggja kyrkja:

"Resolution.

På Grinnems kirkeeiers Merandum av 24. april 1781: Det gjes hermed bevilgning til Grinnems Annex Kirkes oppbyggelse paa eiernes egne bekostning og ansvar, bliver herved igjentaget og bekræftet. Saa tilstædes og Almuen af bemelte Grinnems sogn, mens deres egen Kirke staar under bygging, at søge Bjelland Hoved Kirke, og der betjene seg af de sedvanelige prestelige foretninger, ligs begravelse untaget, som bør ske i deres egen Kirkegård. Og sogneprest Hr. Hans Tidemand at underrette Kirkeeierne, og ellers underrette os hvor fremgang arbeide haves, og når det er bragt til Ende.

Adler Hagerup (sign.)"

Travle veker og månader ved Grindheim kyrkje

Ja, det har nok vore ein travel sumar 1783 ved Grindheim kyrkje.

Det er så utrolig mange ting som må planleggjast på førehand. Mest alle ting må lagast på byggeplassen. Fleire var nok sett i arbeid med handskjering av bord til himling, tak og innreiing.

Spiker og anna smiarbeid måtte tingast av smedane i bygda. Alt dette samstundes med at tømmermennene var i arbeid med å hogga til og fella saman stokkerad etter stokkerad.

Og mange spanande og for dei fleste uvanlege ting skjer med så stort eit bygg, dei store stokkane skal heisast opp, og sjølve tårnstokken er det eit vågalt arbeid å reisa.

Men så er det heller ikkje noko anna som er så felles for alle i bygda som ei kyrkje. Der blir borna førte fram av kjærlege armar, til dåp, og plass i kyrkja. Her opplever ein den store dag med mor og far, i den store undring, den første kyrkjereis ein minnest.

Så blir det noko ulikt, langt eller kortare liv, men så til slutt overtek andre vår siste reis, til den vesle plassen ein skal ha til slutten på jordlivet.

Av eit par brev frå Stiftsdireksjonen ser ein at dei der fylgjer nøye med kyrkjebygginga. Det første er datert 19. juli 1783: "Saa snart Grinnem Kirke er forsaavidt færdig, at Guds teneste deri igjen kan begyndes, bør det ske, og almuen nyder da her de sedvanlige og bestemte kirketenester. Ved den første holdte Kirketieneste, bør sognepresten minne om den store forandring, og den taler til Oppbyggelse".

Det blei såleis ikkje noka storarta kyrkjevigsle, så som brevveksling mellom Stiftsdireksjonen og prosten viser for til dømes vigsla av Farsund kyrkje.

Det andre brevet er datert 19. september 1783: "Det er kommet til kunnskap at Grinnems Kirke er kommet saa vidt i Stand at Gudsteneste igjen der ere begynt at holdes".

Kyrkjeklokka og anna frå den gamle kyrkja

kirkeklokke grindheimI ei kyrkje er ikkje så mykje, men arbeidskrevjande og dyrt inventar.

Når ein ser bort frå benkane, så er det av utsmykking serleg altertavla, alterbord og talarstolen som gjerne er reine kunstverk. Ein kan og ta med døypefonten som og fell i augo i ei kyrkje.

Det er ikkje tradisjon som fortel kor kykje av det nemnte frå den gamle kyrkja, blei nytta i den nye.

Men i den gamle kyrkja var sikkert mykje av det dei ikkje kunne bruka i den nye kyrkja, som dei kunne selja til god betaling.

Det stod ein eigen glans av det som var frå ei kyrkje. På Helle i Konsmo har dei såleis ei dør frå den gamle Konsmo kyrkje, som er stor nok med 3 breie bord. I over 150 år har dei halde tradisjonen om den gamle kyrkjedøra oppe.

Men kyrkjeklokka er frå den gamle kyrkja, der har ein årstalet 1760. På klokka står:

"Soli Deo Gloria. Omstøbt af Jacob Rendler, Anno 1760. I Herr Pastor Søren Schive tiid. Bekostet av Kirkeeier Aanen Helligsen Grinim".

Det finst ei soge om omstøypinga av kyrkjeklokka. Det er Arne Mjåland som har sendt lyskopi av eit bladstykke der det er fortalt såleis: "Da Kirkeklokken i Grinnem skulle omstøbes i 1760 i Christiansand var sognepresten i Bjelland tilstede". Det var Søren Schive den 3dje på den tid. Så er det fortalt at da alt var smelta og før det skulle helles smeltemasse i forma, "kastede Søren Schive en sølv spesiedaler i støben. Jeg ofrer en spesiedaler til, sa han og kastet den 2dre daler i støben. Det er derfor fortalt at Kirkeklokken skal have en lysere parti midt på Klokken".

"Til Guds ære og kirkens prydelse haver dene menighed ladet male denne kirke aar 1791 av mig T. A. S. R. Bygd 1783"

Denne innskrift målte Risøyne på takbjelken like framfor alteret, for at ein ikkje skulle gløyma kva tid dette store målararbeid var gjort, og kva tid kyrkja ble bygd.

Tore Asbjørnson Risøyne, f. 1762

grindheim kirke takEtter Fjotlandsboka var han i heimbygda Fjotland skulemeister og kyrkjesongar. Men han var og målar, og arbeidet tok han tidleg til med, alt 18 år gamal hadde han eit stort arbeid i Tonstad kyrkje, og der bruka han bibelske bilete.

Ord om han har nok kome til Grindheim, når dei leiande trudde han til så stort eit arbeid som å rosemåla kyrkja.

Det var berre 8 år sidan kyrkja blei bygd, og det hadde vore store utlegg til bygginga, at dei nå var villig til å ta eit nytt krafttak for kyrkja, må ein reint undra seg over. Ein er heller ikkje kjend med at det var andre kyrkjer som dei ville etterlikna.

Risøyne hadde med seg to hjelpesmenn frå Fjotland. Det var Guttorm Eftestøl, f. 1779, han var såleis då berre 12 år gamal. I eit lite skrift, "Eide kirke gjennom 350 år, ved Sigrid E. Nilsen", er det blant anna fortalt dette om den mest kjende av dei mange Fjotlandsmålerane:
"Guttorm Eftestøl var snekker og treskjærer og han kan være opphavsmannen til hele prekestolen som sokneprest H. J. Bugge og hustru forærte i 1807. I prekestolen og altertavlebilledet møter vi drag fra flere stilarter smeltet sammen, dyrket og utviklet til en vakker fri bygdekunst.

Prekestolens billeder av evangelistene er de samme som Eftestøl har malt i Bjelland kirkes vestgalleri, og den trefargede listen finner vi også igjen i Bjelland. Altertavlens nattverdscene har mye til felles med Tore Risøynes billede i taket i Grindheim kirke. Guttorm Eftestøls farger har representert noe hjemlig og trygt".

Den andre hjelpesmann og elev Risøyne hadde med seg var Olav Toresen Kvinlaug, f. 1773. Hans best kjente arbeid er Målandsstova i Åseral, måla i år 1800.

Tore Aagedal fortel om Risøyne og målinga hans

Grindheim kirke veggpryd 2Av Olav Seters skrift skal me berre ta med her noko han hermer etter Gamleklokkaren, Torje Aagedal: "Han fortel om Risøyne, at han skulle vera så flink til å syngja under arbeidet i kyrkja. En gang de roste min oldefar, stortingsmann Ola Refsnes, 1815 - 16, lensmann i Grindheim og Bjelland, for hans song, han var kjend for å ha fint mål, sa han: Det er ingen ting mot han Tore Målar, når han begynte å rulle med de store leppene sine. Når han sang på det beste, kunne de høre ham mangen gang helt opp på kirkekleiva, aust for kirken". Og så eit par ord om det dei gamle tykte om målinga til Risøyne: "Dei murra litt, for han slurva, og måla så fort, tykte folk".

Så gjekk det år etter år, born og andre som sat der dei første gongene, undra seg for alt det rare og uvande, men blei vane med kyrkja. Sjølve gudstenesta ble nå det den var tiltenkt, og fekk plass i tanke og sinn, til tukt og trøyst. Og den gode freden kom sigande inn, så velsigna og godt, i tru og tillit til det frelsesord som der blei forkynt.

I mange år stod Risøyne si måling uendra, heilt til 1861 då det blei ein del endringar.

Det gjekk serleg ut over den djupblå altertavla, som blei målt kvit. Og så blei eit krusifiks og dei utskorne og måla 12 apostlane på altertavla fjerna. Krusifikset skal ha kome til Oslo, men kor dei 12 utskorne apostlane kom av, har ein ikkje høyrt noko sikkert om.

Dei 12 utskorne apostlane

grindheim kirkeDet har halde seg ein tradisjon om dei 12 utskorne apostlane nedst på altertavla. Mange hadde høyrt om det, men ingen hadde greia på kva tid dei blei tekne bort.

Dei har nok samme opphavet som dei små utskorne englane, som endå pryder altertavla.

Ein har med dei 12 utskorne apostlane eit godt døme på at det same går att i fleire kyrkjer

(much less viagra kaufen ohne rezept köln Sexual Dysfunctions – Special Issue 122 Fig..

carried out by the National Population and Family viagra generic The specifications for solvents and reagents are also considered to be satisfactory for such materials..

d. Heavy smoking cialis from canada condition stabilised.

. Gaute Frøysland, som er svært interessert i gamle utskorne ting, fortalte at han sjølv hadde ein utskoren apostel. Den hadde ikkje kome med då dei 11 andre blei sende til kyrkja på Filefjell. Den kyrkja brann ned, men då blei den eine berga.

Så hadde fjernsynet hausten 1978 ein reportasje frå Hegge kyrkje i Austre Slidre, Valdres.

Dei hadde fått 12 utskorne apostler til kyrkja der av ein som hadde gjort eit løfte, då han heldt på å setja livet til i ein snøstorm på fjellet. Han overlevde og fekk ein treskjerar i Gudbrandsdalen til å laga dei 12 apostlane til pryd for Hegge kyrkje. Men det som var av så stor interesse var at det ble nemnt at dette var det året kyrkja vår ble bygd, 1783.

Det heiter at det då blei sett på eit bilete på altertavl: "Kristus velsigner Brød og Viin". Men det må anten vera feil, eller må det biletet dei sette på altertavla i 1861, ha vore bytt ut i sokneprest J. K. Irgens tid som sokneprest i Bjelland 1875 - 1887
. For han skriv i kallsboka i Bjelland, at av dei ting som blei gjort med kyrkja i Grindheim i hans tid, var at det på altartavla blei hefta eit bilete: "Jesus velsigner Brød og Viin"

Golf 4-5 cheap viagra online never A few times.

.

Ja, dette biletet minnest endå mange eldre godt. Det fall så serleg godt i augo for born, det var så fint!

Det heiter at av andre endringer som blei gjort i 1861, var: "På galleriet, både dem med og dem uten Jomfruer måtte ogsaa dekorasjonen vike plassen for den nye hvite maaling".

Overmålinga i 1898

Grindheim kirke 2Det hadde nå gått over 100 år sidan kyrkja blei måla i dei blomstrande rosemålingsfargar, som var sett så høgt på den tid.

På kister, skåp, og ikkje minst ølskåler, skulle det rosemåling til. Ja, mange dører, vegger og senger blei rosemåla heilt fram til 1860-70-åra. Ja, ølskåler som hadde vore flittig brukt i dei 100 åra, blei ikkje lenger nytta som før, nå blei dei berre brukte til pryd.

Dei har på Grindheim endå ei ølskål som Risøyne måla då han dreiv med kyrkjemålinga. Eit rim sette han etter vanleg skikk på skåla: "Ved Moses Slag gav Klippen Vand, tap Øl i mig Jeg leske Kand".

Det ville nok ikkje lenger vore passande med eit slikt rim.

Det gjekk ein sterk motstraum mot det gamle tilvande i slutten av 1800-åra. Ein kan berre nemna at i mang ei stove med solide store og fine tømmervegger, serleg nystova, blei det med mykje arbeid sett på tapet.

Simon Byremo har med si gåve på kr. 100,- til overmålinga, blitt nemnd som den som åleine dreiv dette igjennom. Nå var Simon i den tid på det religiøse område nokså einerådande, men her var det ikkje berre tale om kr. 100,- til han som gjorde arbeidet. Rekneskapen for 1898 viser at målarsakene kosta kr. 278,-, og dei som laga stillaset for målaren fekk kr. 74,-. Dei måtte låna kr. 300,- i sparebanken og kr. 80,- av skulekassen for å få gjort arbeidet.

Det er såleis klart at heradstyret var einig i overmålinga, men at det var mange som var sterkt imot, er endå i friskt minna.

Olav Seter har i sitt skrift om T
. A. S. Risøyne fortalt noko om Ola Arnesen, Konsmo, som i 1898 hadde arbeidet med å overmåla kyrkja.

Det var ikkje med i avtalen noko om å måla kyrkjegolvet. Han fekk difor tilbod om at han for det arbeidet skulle få kyrkjebørsa, med dei skillingane som var i den. Men så kom dei nok på at det ikkje var rett å ta den gamle kyrkjebørsa frå kyrkja, og han fekk då kr. 5,- for dette arbeidet.

Ein har ikkje høyrt kva kyrkjefolket allment tykte om overmålinga av kyrkja, då ho kunne takast i bruk. Simon Byremo har nok sett godt etter frå deknestolen, og kunne vel slå fast at nå såg han ikkje lenger at kyrkjefolket såg så mykje opp etter veggar og tak. Det skulle vere ein av grunnane til at han ville ha kyrkja måla over.

Enkesæte på Grindheim

Grindheim kirke 1Grindheim hadde ein gard som vart kalla Presteenkesætet. Den blei seld på auksjon 1810.

Det måtte vera ein plass til presteenka i kyrkja, eller om nokon av prestefolka kom til kyrkja. Det blei benken der kyrkjesongaren sat mot austkanten av kyrkja, der var ein innelukka benk, som blei i sin gamle form i 1941.

Det måtte lova av 3. aug. 1897 til for å få heilt slutt på dei faste plassane i kyrkja. Men påbodet om at mennene skulle sitja i benkane til høgre, og kvinnenee i benkane til venstre, skulle stå ved lag.

Ja, det tok det tid å få endra, det heng nok endå att noko av den gamle skikken.

Bispestolen og brudebenken

Det ser ut som det har vore fast skikk at på kvar sida av alteret og inn mot veggen er plassert ein stol eller benk i kyrkjene. I sume høve har ein sett at dei kalla den bispestolen.

To gamle umåla benkar fann dei fram under restaureringsarbeidet i 1941. Dei blei funne i tårnet, og som det står i eit bladstykke frå den tid: "De ser ut til at være ældre enn kirken", og så heiter det vidare: "Profilene viser at de er gamle og den ene er pent utskåret i ryggen. Det kunne tyde på at det har været en brudebenk som skulle settes frem på golvet med udskjæringene synlig for hele menigheten".

Salmebokskifte

Liten koralbok HolmeDet har gjerne vore noko ulike meingingar om salmeboka.

Simon Byremo har i ei av dei bøkene, der han hadde skrive opp dette om salmebokskifte: "Landstad Salmebok den blev taget i Bruk i Grinnem Kirke den 12. Mars 1871". Før den tid hadde det nok vore Thomas Kingos Salmebok.

Så etter det Kultursoga seier var det kyrkjelydsmøte 28. mai 1915. Det låg då føre spørsmålet om å innføra Blix Salmebok i Grindheim. Det røysta då 83 for innføring og 24 var i mot.

Er det rett at Blix Salmebok blei teken i bruk må dei ha gått over til Landstad Salmebok seinare, for i 1941 heitte det i eit brev frå Kirkedepartementet: "Autorisasjon av Landstad Salbebok er teken bort, og den må skiftas ut før mai 1942".

Salmebokskiftet skulle ha vore føre i kyrkjelydsmøte 25. januar 1942, men det blei då gjort dette vedtak: "På grunn av sterk kulde var frammøtet svært dårleg, og saka blei utsett". (Det var den sundag vel 30 kuldegrader og vind).

Kyrkjelydsmøtet 3. mai, etter preika. Nå heiter det: "Kyrkja var stuvande full". Det blei litt ordskifte om saka. Ved røystinga fekk Nynorsk Salmebok 89 røyster og Landstad reviderte 62 røyster. Den Nynorske Salmebok ble då teken i bruk i Grindheim.

I 2015 blei igjen nye salmebøker teken i bruk i Grindheim kyrkje.

Nynorsk liturgi i kirka

registrering grindheimDet var Bondekvinnelaget som tok opp saka om nynorsk liturgi i kyrkja. Dei gjorde vedtak om det og vende seg til Soknerådet, og bad dei ta opp saka.

Soknerådet gjorde vedtak om ei prøveordning, med nynorsk liturgi i 6 - 8 til 10 gonger for året. Dette blei i kyrkjelydsmøtet 13. mars 1938 vedteke med stort fleirtal.

Denne prøveordninga heldt fram, og det var planar oppe om å nytta nynorsk og bokmål annan kvar gong.

I eit brev frå biskopen, datert 2/12 1947 sa han frå at det var ikkje høve til å nytta nynorsk og bokmål annan kvar gong. Det måtte vera eit hovudmål, men eit mindretal hadde krav på å nytta det mål dei ynskte, ein og annan gong.

Etter det vedtok so eit kyrkjelydsmøte i 1948, med 48 mot 3 røyster at det skulle vera nynorsk liturgi.

Nadverd - serkalkar

Spørsmålet om serkalkar ved nattverden var det Helselaget som tok opp i 1936. Dei vedtok å løyva halvparten av utgiftene til kjøp av serkalkar, og oppmoda soknerådet til å løyva den andre halvparten. Soknerådet var samrøystes einig i det, og la saka fram i eit kyrkjelydsmøte 7. mars 1937. For at alle kunne få sagt si hjartans meining om saka, var det skriftleg røysting. Det blei då 27 som røysta for innføring av serkalkar, og 10 røysta imot.

Restaurering av kyrkja 1941

Grindheim kirke 6Det gjekk ikkje så mange årtiar før spørsmålet om restaurering av den overmåla kyrkja blei teke opp. Ja, det hende endå før soknerådet hadde teke over styringa av kyrkjesaker. Det var i heradsstyret at spørsmålet vart teke opp i møte 10. desember 1919. Under sak nr. 8 står det såleis: "Skrivelse frå sogneprest i Bjelland Asserson, hvori han efter Stiftsdirektions paalæg forespør om herredsstyret vil foreta noget for at bringe Kirken til sitt oprindelige utseende. Enstemmig uttales: Herredsstyret ønsker gjerne at Grindheim Kirke saa snart som mulig blir bragt tilbake til sin opprindelige skikkelse indvendig. Førenn man midlertid kan bevilge noget bestemt beløp, vil man be hr. maler Erdman eller en annen om hertil utarbeide et omkostningsoverslag for restaurering".

Men ein høyrer ikkje meir om det i heradsstyret. Nå blei det vanskelege år for heradet, i dei svære nedgangstider etter første verdenskrigen. Så reiste sokneprest Asserson i 1921 frå Bjelland, og saka blei ikkje teken opp att før av soknerådet i 1938.

Så i 1938 og åra fram til hausten 1941, då arbeidet med restaureringa blei ferdig, blei det arbeidt med stor interesse og kraft med denne saka. Den som satte fart i arbeidet og sjølv tok eit stort løft, var sokneprest K. T. Tjomsland, ein annan som må særleg nemnast var klokkar Torgny Leland. Men utan at soknerådet, og kvar og ein i kyrkjelyden la sin godvilje til, ville ikkje dette store arbeidet ha blitt gjennomført, så vanskelege som tilhøva då var.

Formannen i soknerådet gav på festgudstenesta 16. oktober 1941 eit oversyn over sjølve restaureringsarbeidet:

I  kyrkjelydsmøtet 13. mars nemnde soknerprest Tjomsland at konsulent Dommeo Erdmann skulle til Finsland og Bjelland og sjå på kyrkjene der. Soknepresten tok då fram ein plan om å få Erdman også til Grindheim. Tanken fekk stønad, og det vart meldt Riksantikvariet.

I juni 1938 kom konsulenten saman med assistenten, Hr. Olav Sæter. Det vart gjort fleire avdekkingsprøver, og det synte seg at det kunne gå å få fram att den gamle rosemålinga. Hr. Erdman kostnadsrekna så arbeidet og sendte melding om saka til Riksantikvariatet.

Over nyttår 1939 kom melding til soknerådet om at restaureringsarbeidet var kostnadsrekna til kr. 9.000,-, men det var teken med innkjøp av nye benkdører.

I mellomtida hadde soknepresten vore i Oslo og av Riksantikvariatet fått løyve om kr. 4.500,- av statsmiddel til arbeidet, dersom resten kunne skaffast på annen måte. På soknerådsmøtet 31. januar 1939 var Erdman si utgreiing referert, og ein snakka litt om saka, men sette den ut til eit seinare møte.

3. mars same året hadde ein spørsmålet føre att og vedtok å leggja saka fram for eit kyrkjelydsmøte, med framlegg om ei prøveteikning av tilskot innan sokna. Palmesundag 2. april blei kyrkjelydsmøtet halde. Framlegget om prøveteikning fekk stønad av dei fleste som hadde ordet. Einskilde tala imot.

18. april gjorde soknerådet endeleg vedtak om prøveteikning, og bad samstundes soknepresten om å fara rundt med innsamlingslister. Ein tykte det var mykje å be presten om, men gjorde det for saka si skuld. Soknepresten sa seg villig, og utover sumaren 1939 vitja han så å sia alle heimane i Grindheim. Resultatet vart også mykje betra enn venta, ca. kr. 3.500,-.

Etter dette la soknerådet 12. november 1939 fram for kyrkjelydsmøtet tilråding om å gjennomføra restaureringa. Den blei vedteken med 42 mot 5 røyster. Soknerådet fikk samstundes oppmoding om å gjera noko for å få benkane betra. Det blei sendt søknad til Departementet om løyve til restaureringa. Søknaden blei imøtekomen
.

Ein hadde nå tenkt å gjennomføra saka sumaren 1940
. Tre ting hindra dette:

  1. - Krigssituasjonen.
  2. - Konsulent Erdman blei sjuk. Ein ville gjerne venta og sjå om han fekk helsa til å ta på seg arbeidet. Han hadde samstundes med den før nemnde utgreiinga bode seg til det.
  3. - Først i 1940 fekk ein melding om at det dette året berre var ført opp kr. 1000,- av dei 4.500,- som staten hadde lova.

Grindheim kirke 3Utover ettersumaren blei tilhøva i landet vårt rolegare. Soknerådet meinte ein laut prøva å ta noko av restaureringa hausten 1940. Då Erdman ikkje kunne vinna att helsa, sendte Riksantikvariatet målaren Alfred Hogn til Grindheim for å sjå på arbeidet. Han kom med eit sjølvstendig kostnadsframlegg som ellers fall stort sett saman med Erdman sitt. Fargerestaureringa sette han til kr. 8.000,-, men då var det ikkje rekna med benkdører. Han baud seg til å taka arbeidet. Likevel blei det ikkje noko av det. Soknerådet godtok tilbodet hans, men han fekk korkje tid eller helsa til å gjera noko den hausten.

Utpå vinteren fekk ein melding om at ein kunne få dei kr. 3.500,- som endå ikkje var løyvd av det statstilskotet ein hadde fått lovnad om.

I mai 1941 var arktitekt Hanstein i Grindheim og såg på ei omskiping og omlegging av benkane. Planen hans, som Riksantikvariatet laga litt på, har ein fylgd. Benkeryggen er skråstilla, seta er gjort breiare og meir laglege. På kvar sida i langskipet er det lengst nede teke vekk ein benk. Her var dei gamle benkane urimeleg tronge. Ellers er det sett inn at salmebokhyller, men dei er noko smalare enn dei som hadde vore der før. Ein var så heldig å få tak i mange av dei gamle benkdørene. Nokre fann ein i kyrkja, 6 fekk ein kjøpt i Eiken og 10 blei samla inn frå gardar i bygda, serleg i Øydne krins. Dessutan måtte det lagast nokre nye dører. Det blei og laga ny trapp opp til orgelgalleriet, og den blei nå laga som vinkeltrapp. Ola Handeland, Lunden, stod for det snikkerarbeidet som er nemnt, og så hadde han med seg Lars Hårtveit.

Dei garmle gardssmier var det ikkje mange att av på den tid, og ein av dei siste som dreiv med slikt heimesmiearbeid var Torkel A. Øydna. Han fekk arbeid med å smia krokar og gjenger m.v. som det var bruk for.

Som før nemnt hadde ein ved årsskiftet 1950-41 fått melding om at heile rikstilskotet var disponibelt.

27. januar vedtok soknerådet å senda oppmoding til Riksantikvariatet om å få restaureringa endeleg gjennomført sumaren 1941. Og i juli 1941 kom så kunstmålar Olav Sæter og tok fatt på arbeidet. Han hadde teke på seg arbeidet med fargerestaureringa etter kalkylen og under tilsyn av Hagn som var blitt konsulent etter Erdmans død.

Heilt frå den fyrste gongen Sæter var i Grindheim som assistent for Erdman hadde soknerådet tillit til han. Ein blei difor glad for at det var han som kom til å overta restaureringa. Soknerådet såg på ham som den rette mannen. Han fekk med seg Torleif Hårtveit og målaren Ståle Strømme som assistentar. Og nå skrei arbeidet fort fram. Trass i krig og varemangel lukkast det å få tak i dei tekniske hjelpemiddel som trongs. Sjølvsagt auka interessen og spaninga innan bygda. Korleis ville kyrkja bli? Både bygdefolk og framande stakk innom for å sjå etterkvart som dei gamle, vakre rosene og bileta fekk sjå dagslys att.

Grindheim kirke 4Restaureringa tok 3-4 mnd. Uti slutten av oktober var kyrkja på det nærmaste ferdig. Heile arbeidet kom på 10.785,65 kr. Her er rekna med arbeidet med benkane og reparasjon av taket, ny trapp og ny prekestol.

Kr. 4.500,- fekk ein som nemnt i rikstilskot. Dei andre pengane er for største delen samla inn i sokna. Einskilde utflytte Grindøler gav også tilskot. Rekneskapen kunne avsluttast med kr. 243,59 i overskot.

Opningsgudstenesta 16. oktober blei ei feststund. Biskop Mæroni og gamle og unge gledde seg over å ha fått kyrkja att i sin gamle prydnad. Og denne folkegleda er den største takk dei kan få som gjennom fleire år arbeidde med denne saka.

Mange hugsar denne store dagen i Grindheim kyrkje si soge. Det fortel noko om tilhøva då at biskop Mæroni hadde sagt frå at det ikkje måtte lagast nokon offentlig samkome etter gudstenesta. For det kunne lett brukast mot han seinare av dei styrande då. Så blei det ordna med ei samkome i eitt hus på Grindheim for nokre innbedne.

Orgel

Grindheim, orgelfasadeDen første gong det var orgeltonar å høyra i Grindheim kyrkje var 17. mai 1914. Det vart sjølvsagt laga til ein ekstra stor fest til denne 100-årsdagen for den norske grunnlova.

Ottar Sveindal kunne fortelja at det var far hans, som var lærar og sette slik pris på musikk, som fekk dette til. Olav, bror til Ottar, som var eit par år eldre, skulle spela.

"Eg veit ikkje kven var mest nervøs. Olav som spela, eller eg som sat ved sida", fortalde Ottar. "Men det gjekk godt, og mange kom og takka oss".

Det var Dr. Mortensen som i 1931 sende brev til soknerådet om å få orgel i kyrkja. Han ville sjølv gje eit større bidrag, og så tenkte han seg at det blei sendt rundt lister for å teikna seg for ei gåve til formålet. Dette brevet var føre i soknerådet i møte 1. februar. Dei svara at dei med glede såg at eit orgel blei innkjøpt.

Så alt 22. februar var orgelet innkjøpt og kunne tas i bruk, og i møte i soknerådet etter gudstenesta blei det vedteke å senda eit takkebrev til Dr. Mortensen. Ein takk for han hadde kjøpt, innsett og gjeve orgelet til kyrkjelyden.

Dr. Mortensen hadde den ideen at så mange som råd skulle læra å spela, og skiftas om å spela i kyrkja. Og så blei det den første tida, til det i 1937 blei vedteke å senda rundt lister for å få penger til å betala den som spela. Det blei vedteke å gje ei lita gåve, som takk til dei som hadde spela utan betaling.

Nytt orgel

Grindheim orgelDet blei i 1950-åra sett i gang ei pengeinnsamling for å bytta inn nytt orgel, men fyrst i slutten av 70-åra kom det fart i arbeidet. Det blei gjort vedtak i soknerådet om å kjøpa nytt orgel som skulle stå ferdig til 200-årsjubileet. Kommunen godkjende planane. Og det blei gjort avtale med det danske orgelbyggjarfirmaet I. Starup & Søn ApF København om bygging av eit pipeorgel til 215.000 kroner pluss 20% moms. I tillegg kom frakt og montering og eventuell prisstigning.

Frakta kom på ca. 9.000,- kroner, og motneringa på ca. 7.000,- kroner. Prisstigninga blei ca. 57.000 kr. Så i alt blei det ca. 331.000 kr. I tillegg kom noko ekstraarbeid i kyrkja og noko måling. Soknerådet betalte 70.000 kroner og kommunen resten.

Frå Bjelland og Grindheim Sparebank fekk soknerådet 10.000 kroner og frå kulturstyret 7.500 kr. Einskilde personar ga ganske store pengegåver, og soknerådet sette i gong innsamling og vitja alle husstander i Grindheim, og greidde såleis å få penger nok.

Ved gudstenesta 12. september 1982 blei orgelet brukt for fyrste gong.

Gåvar til kyrkja

Gåver i eldre tid
I lange tider, dei mange hundre år som det har vore kyrkje i Grindheim, har det nok vore gjeve gåver til kyrkja. Men ein har ikkje funne noko skrive om det, og det må vera eit storhende om det skal leva på folkemunne frå ætt til ætt.

Eit storhende må ein seia det var at det mellom 20. og 29. september 1828 blei stole frå kyrkja "kalk og disk, og en præktig Sølveske" som Torkel Johansen Sveindal hadde gjeve. Det må ha vore mykje omtala på den tid, men ein har ikkje funne at nokon nå har høyrt om det.

Torkel Johnsen Sveindal, f. 1743
Det var han som med si andre store gåva til kyrkja, 40 spesidaler, gjorde sitt til at dei kunne få kosta seg att kalk og disk. Men det var og offer til dette formålet den 16. november 1830, og det kom inn 9 spesidaler. og 16 skilling. På den tid var prisen på ei ku 3 spesidaler, så det var eit stort offer.

Det er ført nøyaktig rekneskap for kjøp av nytt sylv til kyrkja, og det som kan undra folk i nåtida er at dei kjøpte sjølv sylvet, og gjorde kontrakt med gullsmed Mikkel Aamot om å laga kalk og disk.

Gåver i nyare tid
Lensmann Olav Øydne er den som i nyare tid gav ei stor gåve til kyrkja. Det var ein vakker sjuarma lysestake og to store enkeltlysestaker. Dr. Jahr gav mugge til dåpsvatn.

Grindheim Bondekvinnelag
For den store forandring det har vore i kyrkja og ute på kyrkjegarden, for å gjera det fint og triveleg, har ein bondekvinnelaget mykje å takka. Soknerådet ville ikkje ha fått løyvingar til alt dette, sjølv om viljen alltid har vore der
.

Den første gåva kom i samband med det store restaureringsarbeidet i 1940-1941, då vedtok dei å løyva kroner 225,00 til å gjera kyrkjebenkane betre.

Bondekvinnelaget la arbeidet ned under krigen. Men alt 1947 vedtok dei å gje eit senkingsapparat til bruk ved gravferd. Seinare fekk kyrkja eit svært teppe til å setja kista på inne i kyrkja.

I høveleg tid om våren fekk dei frå 1948 ordna med ein plantedag på kyrkjegarden. Ein gartnerbil med høvelege planter kjem då den dagen, og denne ordninga har gjort at kyrkjegarden har vorte blømande og velstelt.

Alterduk og antipendium
Grindheim kirke 5
Det gamle utstyret skreiv seg heilt frå 1920-åra, og var ikkje lenger nokon pryd for kyrkja.

Det var ei stor gåve, og det blei arbeidt lengre tid for å få den så gild og høveleg som råd.

Det var ein stor dag kyrkjesundag 19/8 1951 då formannen i Bondekvinnelaget kunne overlevera alterduk og antipendium til soknerådet og kyrkjelyden, blant anna med desse ord: "Til Guds ære og kirkens prydelse har Grindheim Bondekvinnelag gjeve denne Alterduken og Antipendium til Grindheim kyrkje, år 1951" i det ho peika på innskrifta på tverrbjelken i kyrkja. Dei fekk då og stor takk av formannen i soknerådet Ola J. Flottorp.

Det var stadig noko dei hadde i tankane til gagn for kyrkja, kokeplate i sakristiet, og støvsugar.

Så, i 1958 fekk dei ordna med teppe i alterringen.

Ved gudstenesta på sjølve jolekvelden 1965 kunne bondekvinnelaget levera til kyrkja 2 blomstervasar av sølv, og då var det sokneprest Kvellestad som heldt ein fin takketale.

I tillegg syrgja bondekvinnelaget for mykje også i forbindelse med kyrkjegarden.

Bygging av sakristi

Grindheim kyrkjegardDet har nok opp gjennom tide vore til stort sakn og ulempe at det ikkje har vore sakristi i kyrkja, både for presten kvar gudsteneste, og serleg då for dei som hadde born som skulle døypast.

Tilsynet for kyrkja, då dei i 1918 tok opp spørsmålet, var soknepresten som formann og ein frå formannskapet, det tredje valde heradsstyret. Dei var komne så langt med saka at dei hadde fått tilbod om å byggja sakristiet for kroner 3.920,-.

I heradsstyret var denne saka føre i møtet 18. september, og det blei gjort dette vedtaket: "Man er enig i at sakristi bør bygges og bevilger det nødvendige beløp til Oppførelsen. Da kommunen for tiden har store uttellinger, finner man at måtte bevilge i flere terminer og vil for neste termin, nemlig terminen 1919/20, føre opp kr. 500,-."

Men så kom dei store nedgangstider frå 1921, og det blei nok uråd å få tiltaket gjennomført.

Soknerådet tok opp att spørsmålet om å byggja sakristi i 1932. Og det viste seg at dei kunna bruka rentene som var opptente i eit kirkefond, og eit anna lite fond hadde dei til dette formålet, det var dei kr. 100,- som Simon Byremo hadde gjeve, det var nå med renter på kroner 127,-.

I soknerådsmøte 1. mars 1935 vart bygging av sakristi bortsett til Lars Hårtveit for kr. 1.500,-. Alt i august blei sakristiet ferdig, og det nødvendige inventaret blei anten laga eller kjøpt inn.

Soknerådet og alle var godt nøgd, og glad for dette bygget.